Kunstens autonomi og kunstens økonomi 2015

Rapport: - Regjeringa ynskjer ei breiare finansiering av kulturlivet og meir entreprenørskap i kultursektoren. Samstundes er det å yte offentleg støtte til smale kunstuttrykk ei viktig investering i ny og annleis tenking som utviklar samfunnet og gjer det rikare, seier kulturminister Thorhild Widvey. 

Ho vonar utgreiinga vil gje viktige bidrag til fornying av kunstnarpolitikken slik at fleire kan leve av kunst som næring.